Yoga handlar fyrst og fremst om å vera seg sjølv. Yoga er eit håndgripeleg og praktisk system. Det byggjer på læra om dei to sidene våre; evnen til å reflektere og evnen til å handle.

Retreat betyr; å trekkje seg attende der ein kan vera i fred og stillhet og samle seg.

Og kven treng ikkje det i denne FAST FORWARD verdenen me er ein del av? Alle desse difuse plagene, stresset eller uroen me mange kan kjenne på, ligg kanskje her? I det at me ikkje lengre har desse naturlege lommene av stillhet, av ro og kvile. Desse lommene må me nå aktivt skaffe oss. Putte inn i kalenderen. Dei kjem ikkje av seg sjølv. Eit retreat kan vare frå 2 timar til ei helg, eller veker.