Italia-retreat

Yogaferie i nydelege Marche.

Unn deg sjølv eit 5 dagars yogaretreat på Hungry Heart sitt eige gjestehus i Italia. Yogaklasser, store rom, basseng, nydeleg mat og tid for deg sjølv.

14.500,-
Inkl. 11 yogaklasser og 11 måltider.
Fly og transport kjem i tillegg.

INNHALD

Eksempel på ein vanleg dag:
07.30 Dagens slowjuice
08.00 Aktiv yoga
09.15 Frokost
FRITID
13.30 Lunsj
FRITID
17.30 Roleg yoga & pust
19.30 Kveldsmat
21.30 Meditasjon / avspenning

YOGAEN vert tilpassa gruppa og den enkelte. Utgangspunktet er tradisjonell yoga, der ein balanserar fyring og demping, ynskjer både auka smidighet og styrke, ein fri pust og ro i sinnet. Ein kjem som ein er, og tek imot det ein treng.

SUPERMAT
Tone Brandsæter fra Hungry Heart Cafe står for maten, og brukar lokale og næringsrike råvarer. Det er i hovudsak vegetarisk, og lett å leggje til rette for deg med evt. matallergiar. Ein blir invitert inn i delar av matlaginga og får mange nyttige tips og inspirasjon.

GUARALDA (huset) ligg for seg sjølv, i eit landeleg område, med nydeleg utsikt over dei mjuke heiene. Sjå meir på www.guaralda.com

PRAKTISK INFO

Innkvartering:
I dobbeltrom med eige bad.
Einerom på forespørsel (+3000,-)

Transport: Ancona er nærmaste flyplass. Her er det felles pick up.
Flyr du til Bergamo fra Torp eller til Bologna frå Oslo, da er leigebil det smidigaste, eller tog til Fano, der me kan hente deg.

Tilbake til kurslisten

Kanskje du også er interessert i sommarkurs?

«Dette er yogaferien jeg har ventet på! Tone og Ingebjørg legger hjertene sine i alt de gjør. Du føler deg sett, kan være deg selv og virkelig bare slappe av og ta imot. »

(deltaker)