Om meg

INGEBJØRG VESAAS / IVY

Eg brenn for å vekke nysgjerrigheten din på kropp og hovud, korleis det heile heng saman, og kva du kan gjera for å ha det best mogleg. Dette gjer eg gjenom fysiske øvelsar, pusteteknikkar, avspenning og meditasjon.

Eg gjekk i lære for å undervise yoga og meditasjon hjå Peo og Parvati frå 2004-2008. Gjenom desse åra var eigenpraksis sentralt og ein dedikasjon til alle aspekta ved Yoga. Både den fysiske og den mentale treninga, historie og filosofi. I 2007 starta eg Yogaloftet på Røa og seinare Yogaloftet i Larvik. Eg tek oppdrag over heile landet, og har og gjesta andre land med undervisning.

Eg møtte yoga fyrste gong i 1996, og blei bergtekjen av den heilhetlege treninga av hovud og kropp. Eg praktiserte yoga paralellt med andre utdanningar heile vegen, også da eg utdanna meg til dansekunstnar. Eg har bidrege i mange produksjonar både som koreograf og utøvar. Vore sjølvstendig næringsdrivande sidan 2002.