I hjarta av den gamle yogatradisjonen er møtet mellom lærar og elev.
Tilpassa kvart enkelt individ sine behov, helse, alder, kroppstype, kultur, livsstil og kapasitet. «Ein-til-ein» er ein dialog, ein prosess der læraren er mentor og støttespelar. Ein gjev øvelsar som passar den enkelte.
1.500,-
For enkelttime
950,-
For fast avtale
Yoga er ein individuell praksis, og det er ingen ytre mål om kva ein skal få til eller lære. Variasjonen i øvelsar og teknikkar er stor, nettopp for å kunne tilrettelegge for ein stor variabel av unike individ. Spekteret er stort av fysiske øvelsar, pusteteknikkar, avspenningar og meditasjonar.
Enkelte jobbar ein med kvar dag over månadar, andre ein-to gonger i veka eller ein har oppfølging av eigenpraksis ein gong pr.mnd.
Det blir gjeve «Ein-til-ein» i studio i Stavern/ Larvik/ Oslo etter avtale, eller på Zoom.
Kanskje du også er interessert i helgekurs ?
«Når jeg startet hos Ingebjørg hadde jeg masse problemer med en skulder og nakken, i så stor grad at jeg var delvis sykemeldt. Etter noen måneder med en-til-en-undervisning fikk vi kroppen på stell igjen, og livet var bedre! Hun kan også anbefales om man bare trenger å roe litt ned i hverdagen eller bygge sterkere kropp og bedre mental helse!»
Isso Anders Trondsen (tatovør)