Ansvar for praktisering av Yoga

Eg forheld meg til normale etiske retningslinjer som gjeld generelt i det norske samfunn. Åpenhet, ærlighet og redelighet.

Eg tilbyr forsvarlig yogaundervisning med elevens helse i fokus. Eg gjev mogleghetar for modifikasjonar og inspirerar til ein lyttande utføring av øvelsane. Likevel vil den enkelte elev sjølv ha ansvar for utøvinga av instruksjonen og ivareta eigen kropp/helse. Det er kun eleven sjølv som veit om alle personlege fysiske og mentale forhold som må tas hensyn til. Yoga skal utførast med sunn fornuft, tolmodighet og ro.

Eg kan ikkje ta ansvarlig for evt. fysiske eller mentale belastningar eleven pådreg seg under utførelsen av yoga. Det må kvar og ein ta ansvar for.

Ved påmelding bekreftar eleven å følge desse retningslinjene.

Det er ikkje anledning til å delta på kurs, workshops eller retreater om ein er påvirka av alkohol eller andre rusmidler.

Påmeldingsbetingelsar

Påmeldinga er bindande. Du vil få ei bekrefting på mail om mottekjen påmelding og om det er plass. Faktura kjem på mail, med 14 dagars betalingsfrist, om ikkje anna er avtalt.

Ved skade eller alvorleg sjukdom melder de dette på epost med generell sjukemelding.

Ved avmelding inntil 30 dager før kursstart blir det trekkt frå eit adm. gebyr på 450kr. Etter dette er det ingen tilbakebetaling.

Force Majeure – gjelder for alle kurs

Ved påmelding/betaling av alle kurs godtas denne klausulen.

Avlysning av kurs

Eg forbeheld meg retten til å avlyse kurs ved for få deltakerar.
Det vil bli gjeven beskjed om minimum 14 dager før kursstart.
Innbetalt kursbeløp vil bli refundert i sin heilhet.